Eg etterlyste for eit par dagar sidan nettsider med inspirasjon til interiør, og lo and behold, eg fant! Sida heiter www.ifi.no og er laga av Informasjonskontoret for Farge & Interiør. Sjølv om eg mistenker sida for å vere eit skamlaust tiltak sett igang av interiørbransjen for å reklamere for nye fancy produkt, så er det vellaga og interessant lesing. Eg fann blandt anna ein artikkel om magnettapet. Interessant sak for den store tomme kjøkkenveggen min! Tenk deg Magnetic Poetry over heile kjøkkenveggen istaden for begrensa til ei lita kjøleskapdør? Muleg ein treng ein versjon med større ord enn standardutgava?