Planlegging

Jakten på de gode tilbudene

Eg har eit problem. Vanlegvis er reklameavisene frå Expert, Elkjøp, Bohus, Skeidar og så videre berre pest og plage. Men no som eg er på jakt etter gode tilbud på kvitevarer og møbler hadde det vore kjekt å få desse avisene i posten. Diverre er det slik at i bygården eg bur er det ingen som får uadressert reklame! Det har vore veldig kjekt fram til no å sleppe å måtte tømme papirbosskassa annakvar dag, men akkurat no hadde det vore kjekt. Heldigvis kjem internett til unnsetning! VG Nett Dine Penger hadde i mai en artikkel om akkurat dette problemet. Der skriv dei om ei nettside som heiter tilbudsweb.no, denne sida fungerer veldig bra! Her finn ein dei siste reklameavisene til dei fleste butikkjedane og den verker godt oppdatert. Skal nok følge med der litt framover ja.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *