Planlegging

Å velge et kjøkken

L-løysing med halv vegg overskap

Nåkke av det som har voldt meg mest bry dei siste dagane er å finne ut kva kjøkkenløysing og innreiing eg skal ha. Eg har brukt eit vesentleg tal timar på IKEA Homeplanner og har kansje kome fram til ei løysing. Det har vore mykje fram og tilbake om eg skal ha hesteskoløysing, L-løysing, halv benk på motsatt vegg, integrert kjøleskap eller ikkje, overskap eller ikkje og så vidare. Spesiellt var det overskap eller ikkje spørsmålet som har voldt mest bry. Eg er komen fram til at eg har ein splitta personlegheit, den tradisjonelle Henrik vil ha overskap for det har jo «alle» kjøkken, så er det den åpensinna Henrik som har tatt venners innspel til etterretning. Det vert unekteleg ei mykje lettare følelse i kjøkkenet om ein ikkje har overskap. Kjøkkenet har ikkje vindu så det er nok smart å ikkje dynge på med tunge skap, men allikevel syns eg at ein må ha overskap til fat og glass. Eg har heller ikkje så mykje vegg at eg kan ha uendeleg med skuffer så eg har enda opp på ei løysing midt imellom (trur eg).

Fargevalet slit eg med. På dette feltet føler eg at eg iallefall har splitta personlegheit. Ein del av meg vil ta eit sprekt fargeval, høgglans raud ein anna vil ha ein litt meir konservativ høgglans grå og så har du en tredje personlighet som helst vil ha ein trygg kvit farge som alle kan like (den delen som tenker på at eg ikkje skal bu i leiligheta forevig). Det har vore mykje fram og tilbake her. Kansje er eg tøff og tar den raude, men mest sannsynlig vert det grå eller kvit. Her føler eg at eg treng hjelp! Så legg gjerne inn ein kommentar med di meining!

Her er alternativa (i tillegg til den kvite over:

Grå høgglans, fargen er litt mørkare enn det ser ut til på bildet
Raud høgglans, fargen er enda skarpare raud i verkelegheita.

For å få eit betre bilete av dei faktiske fargane kan de sjå på nettsidene til IKEA (klikk på Pris/Stil).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *