Klokka 12:02 i dag var leiligheten ferdig inspisert og nøkler overlevert. Så no er eg huseigar-skråstrek-gjeldsslave! Kjøkkeninnredninga er ferdigriven men eg klarte dessverre berre halvvegs å utføre timelapse idéen min. Kjem ein video etterkvart, må berre finne eit godt program for å lappe sammen bildene. I morra venter jobben med å rive innervegger på kjøkkenet, heldigvis er det gipsplater så eg reknar med at jobben skal gå greit, slik at alt er klart til Arnt kjem for å koble.
Eg var ein tur på IKEA igjen for å finne meg noko å sitte på når eg tek pause i jobbinga. Komplett salong for kroner 317,- (nissestoler og et LACK bord). I tillegg er endelig min kjære recliner komen til Bergen og har fått sin plass ved vinduet. Eg handla og ventilator og skulle eigentleg kjøpe microbølgeovn, men den hadde dei dessverre ikkje på lager. Det kan dessverre ta tid før eg får meg orntlig innebygd micro, får leve med den eg har enn så lenge. Det blir vel mykje micromat i tida som kjem, reknar ikkje med å ha fullverdig kjøkken før om 3 veker, og det er viss eg er heldig. Har fått lånt meg et lite minibar kjøleskap slik at eg iallefall kan oppbevare litt pålegg og slikt.
No skal eg tilbringe det som sannsynligvis er mi siste natt i Sverres Gate, den nye senga mi kjem i morra så då vert det overnatting i Frydenbølien. God natt!