Anna

Ei lita oppdatering

Tenkte berre eg skulle komme med ei oppdatering. Drøyt fire veker er gått sida eg tok over leiligheta og følgande har hendt sidan det…

  • Kjøkkenet har gjennomgått full renovering, inklusiv nytt elektisk anlegg. Heilt ny innreiing frå IKEA og nytt golv. I går fekk eg siste rest av kjøkkenfrontane. Eg ombestemte meg om skapet under vasken og har bytta ut doble dører med stor uttrekksskuff for kildesortering. Så no består kjøkkenet hovudsakleg av skuffer i tillegg til to overskap og innebygd kjøleskap.
  • Stova har fått nye farger på veggane og nytt golv.
  • Gang og entré har fått nytt golv.
  • Fleirfoldige kubikk med emballasje, trevirke, gips og metall er kildesortert og levert til BIR sine veldig bra gjenvinningsstasjonar, og fleire skal det bli. Hadde ikkje sett for meg at det skulle bli så masse søppel av ei slik oppussing.

Sofaen er jo som kjent komt på plass så då er det naturligvis(?) blitt mindre framgang på alt det andre. Det som gjenstår no er litt småting på kjøkkenet som lyslist, ei dekkside, sokkelen og diverse listverk. I stove og gang må dør- og golvlister på plass igjen, i tillegg må eg bygge opp igjen karmen mellom stove og gang. Eg vurderer og om eg skal male gangen, det blir nok til det. Med andre ord er det framleis ein del å gjere, men leiligheta ser i det minste ikkje ut som ein samanhengande byggeplass lenger. Bilder kjem seinare.

I morra går det rykter om at det kjem eit lite intervju om bloggen min i Firdaposten‘s Bustad og Interiør tema. Blir vel nødt å kjøpe FP i morra …

2 comments Ei lita oppdatering

Linda Regina says:

Det blir du nok nødt til ja 😀
Eg kan sende deg pdf-førsteutkastet på e-post og. Er litt endringar.
Du kan legge ut pdf'ane om du vil, men ikkje før i mårra :o)

Det hadde vore kjekt 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *